CAMPINGPLASSEN
Myrkdalen Camping er ope heile året og har i alt 8 hytter, kårhus og plass til bubil, campingvogn og telt.

Felles sanitæranlegg med dusj, toalett og grovkjøkken.

NÆROMRÅDET
Myrkdalen ligg i Voss kommune,
24 km frå Voss sentrum. Myrkdalen er eit godt utgangspunkt for dagsturar til blant anna Nærøyfjorden som står på Verdsarvlista. Der finn du også dei attraktive turistmåla Gudvangen og Flåm.

Tek du andre vegen, over vakre Vikafjellet, kjem du til Vik kommune som ligg i enden av ”Sognefjorden”, der det også er ei flott stavkyrkje.

På veg til Voss kjøyrer du forbi Tvindefossen med sin høgde på ca. 150 m.

Vidare kan du ta toget til Bergen som tek ca.1 time, eller reise på rundturen ”Norway in Nutshell”.