Bookingvilkår
Desse bookingvilkåra gjeld for alle opphald ved Myrkdalen Camping.
Generelt
Du må ha fylt 18 år for å bestille opphald hos oss. Er du under 18 år, må du bu saman med føresette eller verje.
Opphald ved Myrkdalen Camping er berekna for mellombels overnatting og kan ikkje nyttast som fast bustad.
Vi kan avvise gjester som ikkje oppfyller desse vilkåra. Ved avvising fell retten til refusjon bort.
Når er bestillinga bindande?
Bestillinga blir bindande når du har motteke ei stadfesting, uavhengig av om bestillinga er gjort på nett, via e-post eller telefon.
Ankomst og avreise
Hytter:
Innsjekk frå kl. 15.00
Utsjekk innan kl. 11.00
Campingplass:
Innsjekk frå kl. 13.00
Utsjekk innan kl. 12.00
Campingplassen skal forlatast i same stand som ved ankomst.
Endring og avbestilling
Du kan avbestille din booking fram til 7 dagar innan ankomst. Om du avbestiller seinare enn det, så blir du trekt for verdien av 1 døgn overnatting, i tillegg til eit administrasjonsgebyr tilsvarande 10 % av verdien av bookingen.
Avbrot av opphald
Dersom opphaldet allereie har starta, blir det ikkje gitt refusjon ved tidleg avreise.
Dine rettar
Dersom vi ikkje kan stille den reserverte hytta eller campingplassen til disposisjon som avtalt, og heller ikkje kan tilby eit tilfredsstillande alternativ, har du rett til å heve avtalen og få tilbakebetalt leigebeløpet.
Oppdagar du feil eller manglar under opphaldet, ber vi deg melde frå til oss så raskt som mogleg, slik at vi får høve til å rette opp feilen.
Dine plikter
Som gjest er du ansvarleg for leigeobjektet gjennom heile opphaldet.
Du pliktar å:
ta vare på hytta eller campingplassen
følgje ordensreglane på området
erstatte eventuelle skadar du eller reisefølgjet ditt påfører
ikkje la fleire personar overnatte enn det bestillinga gjeld for
levere tilbake nøklar og eventuelle adgangskort ved avreise
forlate hytta ryddig
Manglande levering av nøklar eller ekstra reingjering kan medføre tilleggskostnader.
Brot på vilkåra
Avtalen kan avsluttast med umiddelbar verknad dersom du eller nokon i reisefølgjet:
opptrer forstyrrande overfor andre gjester
gjer skadeverk
nyttar hytta eller campingplassen til anna enn det som er avtalt
Ved slike brot må de forlate området straks. Det blir ikkje gitt refusjon eller kompensasjon.
Personvern
Vi behandlar personopplysningane dine i samsvar med gjeldande personvernlovgiving og vår personvernerklæring.
Klager
Har du spørsmål eller ønskjer å klage, ber vi deg ta kontakt med Myrkdalen Camping så snart som mogleg.
Force majeure
Verken du eller Myrkdalen Camping er ansvarlege dersom opphaldet blir påverka av ekstraordinære hendingar utanfor vår kontroll. Dette kan til dømes vere krig, naturkatastrofar, flaum, streik, langvarige straumbrot eller vassbrot, brann eller andre tilsvarande hendingar som ikkje kunne vore føresette eller unngått.
Myrkdalen juli 2026.