Campingplassen


Myrkdalen Camping er open heile året og har i alt 10 hytter (2 heilt nye med bad), og plass til bubilar, campingvogner og telt.
Felles sanitæranlegg med dusj, toalett og grovkjøkken.

 

Hytter


Vi har 2 nye hytter med bad og 2 soverom med plass til 6 personar. I tillegg har vi 8 enkle vinterisolerte hytter med sengeplass til 4 personar.
Dei er utstyrt med kokeplater, kjøleskap og varmeovn. 4 av hyttene er også utstyrt med dyne og puter.

 

Nærområdet


Myrkdalen ligg i Voss kommune,  24 km frå Voss sentrum.
Myrkdalen er eit godt utgangspunkt for dagsturar til blant anna Nærøyfjorden som står på Verdsarvlista. Der finn du også dei attraktive turistmåla Gudvangen og Flåm.
Tek du andre vegen, over vakre Vikafjellet, kjem du til Vik kommune som ligg i enden av ”Sognefjorden”, der det også er ei flott stavkyrkje.
På veg til Voss kjøyrer du forbi Tvindefossen med sin høgde på ca. 150 m.
Vidare kan du ta toget til Bergen som tek ca.1 time, eller reise på rundturen ”Norway in Nutshell”.